Riksteatret: Are Kalvø toppar VG-lista

Om arrangementet

Om popmusikken og meininga med livet. Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas? Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans. Av Are Kalvø. Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause). Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Riksteatret og Teater Vestland. ______________________ I tråd med nasjonale anbefalinger jfr. Covid-19 anmodes arrangører om ikke å blande personer fra ulike kommuner. Kulturhuset ser seg derfor nødt til å forbeholde billetter for de ulike arrangementene til innbyggere i Senja kommune.